Ladyfest

Feminisme, foto: Flickr

Feminisme, fest og flat struktur. Legg til: Musikk, kultur, debatt. Det er kva Ladyfest handlar om.

– Det overordna målet vårt er å jobba for likestilling i samfunnet. Men Ladyfest skal vera både gøy og seriøst, seier Nina Skranefjell. Ho er med og arrangerer Ladyfest i Oslo. Men kva er Ladyfest – ein fest berre for kvinner?

Nei, tydelegvis ikkje. På nettsidene til Ladyfest blir det understrekt at dette er ein møteplass for skapande kvinner og for feministar av alle kjønn. I 2009 blir det Ladyfest i både Oslo, Bergen og Tromsø, og det skjer i dagane rundt den internasjonale kvinnedagen 8. mars.

Nina Skranefjell
Ladyfest er politikk og kultur for kvinner og menn, seier ein av arrangørane, Nina Skranefjell.

Mannsdominert musikkbransje

– Det er viktig for oss å nå ut til breiare grupper enn dei som vanlegvis går i 8. marstog. Kvinnedagen med tog og parolar er viktig, men det appellerer ikkje til alle. Ladyfest er ein blanding av politisk debatt, musikk og kultur. På denne måten deltek både folk som er aktive i det politiske miljøet og dei meir kulturinteresserte, dei som går på konsertar og er aktive i utelivet.

Ladyfest blei første gong arrangert i Olympia, Washington i USA i 2000. Då var det ei gruppe kvinnelege musikarar som stod bak, og noko av utgangspunktet for festivalen var å skapa ei opning for kvinner i ein mannsdominert musikkbransje. Ifølgje Nina Skranefjell er dette noko som trengst også i Noreg i 2009.

– Ja, absolutt. Eit viktig poeng med Ladyfest er å fronta kvinnelege artistar og kunstnarar. Det er tydeleg til dømes i musikk- og festivalbransjen at kvinner som driv med musikk ofte blir putta i båsar som «jenteband» og liknande. Mange opplever at spelerommet ein har som kvinne og musikar er lite, derfor er det viktig med slike møtestader som Ladyfest. Målet er å bidra til å skapa ein arena som er open og inkluderande.

Forutan konsertar står også kurs i låtskriving og debatt om kvinner i musikkbransjen på årets Ladyfest-program.

– Kopier oss

Sidan årtusenskiftet har Ladyfest-konseptet spreidd seg utover USA og til dei fleste europeiske land. Det er ikkje noko formelt samarbeid mellom dei ulike festivalane, men dei hentar inspirasjon og lånar idear frå kvarandre. På programmet til den første Ladyfesten stod det mellom anna «Reis heim og planlegg ein Ladyfest der du bur».

– Copy us, please, sa Maggie Vail, ei av bakkvinnene i Olympia.

Og kopiert har dei gjort, kvinner frå Singapore til Stockholm. Samstundes kjem også heilt nye

Jenny Hval
Jenny Hval/Rockettothesky er ein av artistane som skal opptre på Ladyfest 2009 i Oslo.  

programpunkt til. I Oslo spenner det frå bandy-cup for kvinner til debatt om seksualundervisning og kurs i såkalla pole-dance – dans rundt ei stålstang. Det siste punktet har ført til oppheita debatt både blant Ladyfest-arrangørane og i media. Fleire meinte at slik dans var for tett kopla til stripping og objektivisering av kvinnekroppen. Radiokanalen RadiOrakel trekte seg som medarrangørar av Ladyfest, medan Kvinnegruppa Ottar går endå lenger og oppfordrar til boikott av heile festivalen.

– Eg synest det er bra at me fekk denne diskusjonen, sjølv om debatten i media blei unyansert, seier Nina Skranefjell.

Flat struktur

Ho legg til at Ladyfest er organisert på ein slik måte at det gir rom for ulike feministiske tilnærmingar.

– Ladyfest har ein flat struktur. Me har altså inga festivalleiing slik dei fleste andre festivalar har, det er ikkje slik at me bestemmer punkt for punkt kva innhaldet i Ladyfest skal vera og så inviterer me folk. I staden har me allmøte der dei som vil kan koma og legga fram forslag til kva dei vil gjera og arrangera under Ladyfest.

Dermed kjem folk kjem frå heilt ulike miljø med forslag til arrangement, og det er i utgangspunktet ope for alle. Med denne måten å organisera på kan det lett bli usemje innad, slik det skjedde med pole-dance.

– Ladyfest i Oslo har gått frå å vera ein liten undergrunnsfestival til å bli stor, med mange deltakarar og eit veksande publikum. Det fører med seg nye problemstillingar, og den største utfordringa vår er å fortsetja å vera breie og inkluderande utan å bli apolitiske. Ladyfest skal fortsett ha feminisme i botn, seier Skranefjell.

Illustrasjonsbilde: Flickr

Saken ble skrevet i Magasinnett FREDAG 06. MARS 2009 03:23 Her

Share/Save/Bookmark
Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s