Vil opne auga dine

Politikk og kultur er to sider av same sak under Ladyfest. Festivalen vil få feministar som ikkje kjenner seg heime i demonstrasjonstog med på markeringa av kvinnedagen.

FAKTABOKS

Ladyfest vart første gong haldt i USA i 2000, og har seinare spredt seg til mange land over heile verda.
I Oslo er blant andre Kvinnefronten, Konsertforeninga, AKKS Oslo, Motmakt, Norsk kvinnesaksforening og diverse enkeltpersonar samarbeidspartnarar.
Ladyfest vert òg arrangert i Bergen.

lady2

FRIVILLEG: Ladyfest er basert på frivilleg arbeid og dugnadsand. Pia Teisbo og Nina Skranefjell er blant arrangørane. Foto: Tora Hope

– Kvinnedagen er både ein festdag og ein kampdag, seier to av arrangørane bak Ladyfest, Nina Skranefjell og Pil Teisbo.

Tysdag startar ei veke med konsertar, gatekunst, boklansering, debattar, barneteater, filmsyningar, jamming, dans og sjølvforsvarskurs i Oslo.

Kulturfeminisme

– Vi vil syne feminisme i praksis, ved å synleggjere viktige saker og vere ein arena for røyster som vanlegvis ikkje vert høyrt. Dei som kjem på Ladyfest skal både sjå, høyre og lære, fortel Teisbo.

Ladyfest skal vere ein møteplass for skapande kvinner, og inspirere feministar av alle kjønn til kritisk tenking, fri ytring, kunstnerisk utfaldeling og samarbeid.

Tidlegare har festivalen fått kritikk for å vere apolitisk. Kvinnegruppa Ottar oppmoda i 2009 til boikott av Ladyfest, då kurs i pole-dance var ein del av programmet. Ottar meinte arrangørane ikkje tok politisk ansvar.

– Få felt er så politiske som kultur. I Noreg har vi mange uredde, skapande kvinner som vi treng å høyre meir om. Under festivalen samlar vi nokre av desse, frå musikk, litteratur eller andre uttrykksformar, og let dei inspirere, feire og utfordre publikum og kvarandre, fortel Skranefjell.

– Vi inviterer feministar av ulik kulturell og politisk bakgrunn til å bidra, og på allmøta avgjer vi kva som blir programmet. Vi har fått kritikk for å ha bidrag frå for mange ulike felt, men Ladyfest skal nettopp vere ein møtestad, seier Teisbo.

LES OGSÅ: Noreg toppar FN-liste igjen

Fest og kamp

For Ladyfest-arrangørane er det ingen motsetnad mellom å feire kvinnedagen og setje kampsaker på agendaen. At kvinner i Noreg ikkje har meir å kjempe for, er ifølgje Teisbo og Skranefjell ei myte.

– Noreg har lenge vore ”verdsmeister” i likestilling. Mange tenker nok at vi er i mål og reflekterer ikkje så mykje over desse sakene lenger. Men det er feil, meiner Teisbo.

– Seksualisert vald rammar oftare kvinner, menn er framleis overrepresentert i leiande stillingar, og vi har framleis ikkje likeløn, ramsar ho opp.

Skranefjell er einig.

– Skjønnheitstyranniet er ganske drøyt for kvinner, og det vert stadig pressa på oss frå media og motebransjen. Kvinner i Noreg har også mindre rørslefridom enn menn. Kor frie er vi eigentleg, når vi veit at valdtekt vanlegvis skjer i nære relasjonar og at eit ”nei” framleis ikkje er eit ”nei”, spør ho.

Ladyfest handlar også om dei kvardagslege erfaringane, som at musikkfestivalar har eit overtal av mannlege artistar, at kvinnelege og mannlege musikarar vert sette i kvar sin bås, eller at band med eit fleirtal av jenter vert kalla ”jenteband”.

– Under Ladyfest vil vi setje desse erfaringane i perspektiv og syne at det er eit mønster, seier Teisbo.

LES OGSÅ: Du kan kalle meg kvinne

lady1

Internasjonalt perspektiv

Internasjonal solidaritet er eit anna viktig bidrag til festivalen. Mellom anna kjem aktivist og politikar Afef Redifi for å fortelje om situasjonen i Tunisia, den arabiske våren og det nyoppretta arbeidarpartiet i landet.

– Kvinnerørsler i sør får ofte lite merksemd, men dei arbeider under vanskelege vilkår. Revolusjonen i Egypt synte korleis kvinnelege aktivistar ofte må kjempe på to frontar, fordi dei både arbeider for sine saker og for å få delta i det heile, seier Skranefjell.

I Tunisia har kvinner etter den arabiske våren styrka sin posisjon. No handlar kampen om vegen vidare og å ikkje misse dei nye rettane.

– Gjennom samarbeid med kvinnerørsler andre stader kan vi styrke kvarandre gjennom erfaringar og lærdom, og forsvare kvarandre, seier Skranefjell.

LES OGSÅ: Show me the money!

Stemmespesial

I år er Ladyfest særleg retta mot stemmer som ikkje vert høyrt, stemmer som vert knebla, og stemmer vi vert døve for. På kvinnedagen er det festmarkering i Oslo domkyrkje, der stemmer som torer og trossar vert løfta fram. Også boklanseringa til Heidi Sævareid, som debuterer med ei bok om jenter i lukka kristne miljø, er ein del av festivalen.

– Heidi skildrar eit miljø med tradisjonelle syn på kjønnsroller. Slike lukka samfunn, med ein viss kontroll over medlemmane, kan vere farlege, særleg for kvinner. Heidi representerer ei stemme vi ikkje høyrer så ofte, og er difor viktig å løfte fram, meiner Teisbo.

Sjølv gler arrangørane seg til forfattarmøte med svenske Nina Björk, den store 8. mars-festen på Mono, og eit løyndomsfullt kunstprosjekt.

– Kunstnarane i Kollektivet vil bringe kunsten til folk. Dei skal i laupet av veka lage gatekunst i Oslo, gjennom kunstprosjektet ”Keep your eyes open”. Men vi veit korkje kvar kunsten vil vere å finne eller korleis den vil sjå ut. Det gleder eg meg veldig til – viss eg finn det, seier Skranefjell.

Nytt i år er at Ladyfest ikkje sluttar 8. mars, men held fram med å markere stemmerettsjubileet gjennom ulike arrangement ut 2013.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42
Advertisements