Det er ikkje menneskerettar alt som glimrar

Menneskerettskonferansen Oslo Freedom Forum går av stabelen denne veka. I fem år har arrangørane invitera ulike skurkar frå Latin-Amerika, gitt dei plass på scena og presentert dei som heltar. Er det naivitet som gjer at så mange i Noreg støttar opp om ein rik venezuelanar sin ideologiske kamp? 

oslo_freedom_forum

 

Foto: FranKapranos

Skrevet i samarbeid med Tore Isungset Støve.

Menneskerettskonferansen Oslo Freedom Forum vert arrangert i Oslo for femte gong denne veka av Thor Halvorssen og organisasjonen hans, Human Rights Foundation (HRF). Halvorssen kjem frå Venezuela, men har budd storparten av livet sitt i USA. Der starta han HRF i 2005, som tok til å dokumentere enkeltsaker med menneskerettsbrot i Latin-Amerika. HRF har frå starten hatt ein tydeleg politisk agenda, knytt til eit nett av svært høgreorienterte organisasjonar i USA, og leiande personar frå politiske grupperingar i Latin-Amerika. HRF har fått kritikk for å velje saker selektivt, og å framstille dei ufullstendig og feilaktig, noko LAG og fleire òg har kritisera Oslo Freedom Forum for sidan starten.

Ideologisk dreiing av menneskerettar
I år som tidlegare år har Oslo Freedom Forum (OFF) invitert mange gode førebilete frå ulike stader i verda. Problemet er at organisasjonen som står bak, med leiaren Thor Halvorsen i spissen, har ein skjult ideologisk agenda i Latin-Amerika som skin gjennom i programmet år etter år. Fleire av dei latinamerikanske gjestane er menneskerettsforbrytarar snarare enn forkjemparar, men får stå på podiet på OFF på lik linje med modige og sterke aktivistar og tenkarar.

Som vanleg er det gjestar som ikkje burde vore på eit slikt forum. Utanrikskommentatoren James Kirchick frå USA er ein av dei. Han har mellom anna forsvara tortur på Guantanamo og gjekk langt i å forsvare statskuppet i Honduras i 2009 der ein demokratisk vald president vart kuppa og erstatta med landets rikaste mann. Dagen konferansen starta kunngjorde dei enda ein gjest, Julio Borges. Borges var ein nøkkelperson under kuppforsøket i Venezuela i 2002, då han blant anna uttala at alle demokratiske organ måtte oppløysast.

Vil snu verkelegheita på hovudet
Når representantar for den økonomisk sterke eliten i regionen skildrar menneskerettssituasjonen i Latin-Amerika snur dei verkelegheita heilt på hovudet. Elitekontrollerte statar og høgreorienterte grupperingar har stått for dei største menneskerettsbrota i regionen. Mellom 1960 og 1991 bortførte, torturerte og drap desse fleire menneske enn regima i Aust-Europa og Sovjetunionen. Det er dei same maktgruppene som gjer storparten av menneskerettsbrota i dag.

Skal Oslo Freedom Forum vinne tilbake truverd som menneskerettsforum må dei presentere eit breiare bilete av regionen. Ein del av biletet på menneskerettssituasjonen i Latin-Amerika vert konsekvent unngått av HRF og Oslo Freedom Forum, nemlig overgrepa som skjer i land med høgreorienterte regjeringar.

Kvar er dei som kan fortelje om forfølginga av sivilsamfunnet i Guatemala, der det så seint som førre veke vart erklært unntakstilstand for å slå ned protestar mot gullgruver? Kvar er dei som kan fortelje om nesten politiske drap på aktivister i Honduras som skjer nesten kvar veke? Kvar er forteljingane frå aktivister som vert sett på som kriminelle av myndigheitene i Mexico og Colombia?

Fordeling og utvikling som fiende
Oslo Freedom Forum peikar i staden ut Bolivia, Venezuela og Ecuador som verstingar på menneskerettar, og har gong på gong invitera folk som er kritiske til politikken desse landa førar. Det dei tre landa har til felles er at krava frå sivilsamfunnet endeleg har vorte regjeringsplattform.

I landa som vert kritisera på Oslo Freedom Forum går det framover på mange områdar: Stadig fleire i Bolivia får oppfylt sin rett til utdanning og heile det venezuelanske folket får no tilstrekkelege helsetenester. Fattigdomen minskas og fleire får mat på bordet mens forskjellane utjamnas i alle tre landa. Medan det skjer ei historisk fordeling av økonomisk og politisk makt, gret altså Oslo Freedom Forum tårer for kaksane som mistar sine privileger.

Kjøpar seg makt til å definere helt og skurk
Oslo Freedom Forum har først og fremst kome i stand med stor pengebruk. Det finst ingen andre i norsk organisasjonsliv som har så få medlem og så mykje pengar. Trass gjentekne oppmodingar har ikkje Halvorssen gjort reie for kvar pengane til organisasjonen kjem ifrå, og han lar konsekvent vere å presentere bakgrunnen til innleiarane som er kontroversielle. Det er grunn til å tru at Halvorsen nytter fredsprisbyen Oslo til å kjøpe plass til sin agenda.

Kvifor vel sterke norske aktørar å støtte dette? I tillegg til økonomisk stønad frå Oslo kommune, Utanriksdepartementet og Fritt ord er organisasjonar som Amnesty, Plan og Helsingforskomiteen med som partnarar til konferansen. Vel dei å oversjå den tydelege politiske agendaen til konferansen til fordel for dei gjestane som faktisk er viktige å høyre? Eller er denne måten å arbeide politisk så ukjend i Noreg at dei rett og slett ikkje forstår kva dei støtter?

 

Skrevet i Radikal Portal 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s